Home
Live
Podcasts
Search

radioplayer.org
  1. Home
  2. Live
Settings

Radio Sunnmøre
Radio Sunnmøre - Din lokalradio på Sunnmøre - Der Du Er
Now Playing Pause
Now Playing
I fokus
I fokus
Last played songs

Related Podcasts
Radio Sunnmøre
Radio Sunnmøre
Latest episodes
Anbjørg Bårnes inn i pensjonistenes rekker
Anbjørg Bårnes inn i pensjonistenes rekker
Dagleg leiar Anbjørg Bårnes går i sommar inn i pensjonistenes rekker. Ho har arbeidd og vore engasjert i leir og leirstadar i mange år av livet, og med godt humør og god mat har mange fått gleda av det. Bårnes har eit stort hjarte for leirarbeidet, og kjem nok til å framleis bidra på Orreneset ettersom det er sonen, Sondre Bårnes, som tek over som dagleg leiar 1. august.Høyr heile intervjuet med Anbjørg Bårnes.
Hausten er det høgtrykk for Plussreiser
Hausten er det høgtrykk for Plussreiser
Sommaren står for tur og mange har allereie planlagt ferien. For Plussreiser er det hausten som har det største reisetrykket, og vi har tatt ein prat med Kurt Andre Henriksen for å høyre litt om kva dei har på programmet.
Frå Valderøya til Arendal
Frå Valderøya til Arendal
Halvard Hauge Roaldsnes er utflytta sunnmøring frå Valderøya til Arendal. Han er teolog og pastor i Horisontkirka i Arendal, og tilbyr samtalar med fokus på å sjå den enkelte og gi hjelp til å sortere tankar og livsutfordringar - med utgongspunkt i kristen sjelesorg og innsikt i korleis tankar og mønstre påvirkar livet vårt. I tillegg tilbyr han mentorsamtalar for leiarar. Hauge Roaldsnes vaks opp på Valderøya og deltok aktivt i bedehuset og kyrkja. Der fekk han trua inn som ein naturleg del av kvardagen. Både på leira og søndagsskulen fekk han sådd frø som var gode å ha med seinare i livet. Då han vart 18 år fekk han eit møte med Jesus i sorg og fortvilelse, og då møtte han Guds kjærleik som endra på livet. No er han pastor i Horisontkirka i Arendal.
Søndagens tekst 28. juni
Søndagens tekst 28. juni
Søndagens tekst er henta frå Matteus 7, 15-20, og handlar om falske profeter. I samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, snakkar vi om innhaldet i søndagens tekst.
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
I siste kvardagsprat før sommaren med Marit Stokken Berland snakkar vi om å ha ein sommar saman med Jesus. Vi får høyre om bedehusfestivalen ho og Irene skal på denne veka, og om Lyngdal bibelcamp neste veke.Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
Gamle evangeliske songar med ny melodi
Gamle evangeliske songar med ny melodi
Lekfolket har kome med ny utgivelse, og det er Lars Egil Obrestad som står bak dette. Lekfolket har no gitt ut tre plater totalt, og ideen bak er å gje gamle evangeliske songar ei fornying. Obrestad har gitt tekstane musikk ved å bruke kunstig intelligens. Det sentrale er innhaldet i songane og bodskapen dei formidlar.Høyr heile intervjuet med Lars Egil Obrestad, som no har utgitt albumet Livet med Jesus. Songane formidlar Jesu kjærleik og nåde gjennom djupt oppbyggelege tekstar utgitt i nye musikalske rammer. Tekstane er hanta frå tekstforfattarane Nils Lavik, Anders Nilsson, Charles Wesley, Niesl Johannes Holm, Anders Hovden og Adolf Langsted.
Statusoppdatering vedrørande Suel Kasembo sin situasjon
Statusoppdatering vedrørande Suel Kasembo sin situasjon
Støttegruppa til Suel Kasembo har med seg tidlegare ordførar i Herøy, Bjørn Prytz, som engasjerer seg sterkt i saka til Kasembo. I eit intervju med Prytz får vi høyre ei statusoppdatering i saka til Kasembo. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.
Spjelkavik ungdomsskule på vandring i nærmiljøet
Spjelkavik ungdomsskule på vandring i nærmiljøet
Denne veka var 8. klasse ved Spjelkavik ungdomsskule på historisk vandring i Spjelkavik sentrum. Då kom dei også innom Radio Sunnmøre, som er ein del av sentrum. Bjørn Ødegård er lærar ved skulen og ansvarleg for rundturen. Han og elevane Emma Vigestad Aune og Sverke Siljan Sunde fekk prøvd seg i studio.Høyr om vandringa og alt dei lærte om nærmiljøet i Spjelkavik sentrum.
Klart for sommerstevne for Himalpartner
Klart for sommerstevne for Himalpartner
Helga 25. juni - 28. juni er det klart for sommerstevnet til Himalpartner på Ålesund folkehøgskule. Åge Birger Hofseth har nyleg kome tilbake frå Nepal for å besøke møbefabrikken i jungelen der. Vi får ein prat på Radio Sunnmøre om arbeidet han har fått besøke no i mai, og om kva som skal skje på årets sommerstevne.Høyr heile intervjuet med Åge Birger Hofseth. I åtte år har han vore frivilleg sekretær for Himalayan Woodsystems DA.
Kafètreff i Volda misjonsforsamling
Kafètreff i Volda misjonsforsamling
I dag er det kafètreff i Volda misjonsforsamling sine lokaler. Det er ein stad der ein kan kome å kjøpe seg rimeleg kaffi og mat, og ha det litt kjekt i lag. Randi Hamre er med som arrangør og i dag har ho invitert ein hemmeleg gjest. - Det er ikkje eit møte, men vi vil nok peike på Jesus på ein eller annan måte, fortel Randi Hamre. Dei håpar at dette skal vere eit lavterskel tilbod. Mat, quiz og utlodning står på programmet.
Program schedule of Radio Sunnmøre