-Smerten har gitt meg eit språk i kunsten
Ho er utdanna både i strikkedesign, mote og tekstil - og teikning og grafikk. Ho har vore designsjef på Høie;ein svært anerkjent merkevare innen sengetøy, ho vart Headhunta som designer for klesmerket Donna Karen i New York, designa hennar er innkjøpt av varehuset Harrods i England – og ho har vunne Norges høgaste designpris – mellom mange andre ting. Kjersti Munkejord Lamb har ein imponerande CV, men er open om at mange ting i livet ikkje blei som ho hadde tenkt. Ho har ikkje ønska smerte, men det har gitt henne eit språk i kunsten, seier ho. Anne Birgitte Lillebø Bøe tok ein prat med henne via whatsapp i huset hennar i Spania. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.