Hjem
Direkte
Podkaster
Søk

radioplayer.org
  1. Hjem
  2. Direkte
Innstillinger

Radio Sunnmøre
Radio Sunnmøre
Radio Sunnmøre - Din lokalradio på Sunnmøre - Der Du Er
Relaterte podkaster
Radio Sunnmøre
Radio Sunnmøre
Nyeste episoder
Søndagens tekst 23. august
Søndagens tekst 23. august
I Søndagens tekst får vi høyre evangelieteksta henta i frå Matteus 25,14–30, og det er lignelsen om talentane vi får høyre. Vi samtalar med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti om innhaldet i teksta.
Inspirasjonsdager på Bjorli med Normisjon
Inspirasjonsdager på Bjorli med Normisjon
Det skal vere inspirasjonsdager for Normisjon på Bjorli 27. -30. august. Gunnar Kolflåt gler seg til leiren og har mykje godt å fortelje om på Radio Sunnmøre.
Kvardagspraten med Irene
Kvardagspraten med Irene
Ferie og sommar er over og vi høyrer i kvardagspraten korleis Irene Krokeide Alnes har hatt det. Det har vore både bibelcamper og bubiltur på Krokeide Alnes. Og hausten er allereie lagt opp med både fleire oppdrag og fritid. Vi høyrer Irene Krokeide Alnes i kvardagspraten dele med oss eit ord for dagen, og gje oss eit oppmuntrande ord om å stole på Gud.Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
ImF Trossamfunn kan miste godkjenning
ImF Trossamfunn kan miste godkjenning
Statsforvalteren i Agder har vedteke å trekke tilbake godkjenninga til ImF Trussamfunn som trussamfunn. - Vi vart overraska, fortel Jarle Haugland, generalsekretær i Indremisjonsforbundet.Haugland fortel at dei har fått til slutten av august å sende inn ein klage. Dersom vedtaket blir ståande mister ImF Trussamfunn statsstøtte og retten til å vigsle folk, og dei som er medlem mister sitt medlemskap.-Det er for tett kobling mellom Imf Trossamfunn og Indremisjonsforbundet. Statsforvalteren meiner aktiviteten må vere i trussamfunnet og ikkje i Indremisjonsforbundet, fortel Haugland om grunngjevinga for at dei no har trekt godkjenninga tilbake. Høyr intervjuet med generalsekretær Jarle Haugland om situasjonen Imf Trussamfunn no står i og kva Indremisjonsforbundet no gjer vidare.
Bedehuskanalen klar for sending frå Ålesund
Bedehuskanalen klar for sending frå Ålesund
Bedehuskanalen er klar med direktesendingar frå Ålesund og starter første sending onsdag 2. september. I sommar har lokaler på Spjelkavik bedehus vorte bygd om og klargjort for den fyrste direktesendinga. Foreløbig er ikkje teknikar og mannleg programleiar på plass, og Bjarte Ystebø ser på dette som ei positiv utfordring. Planen er at det kvar onsdag frå og med 2. september skal sendast direkte frå studioet i Ålesund.Høyr heile intervjuet med Bjarte Ystebø.
Bibelbølge på tvers av generasjoner
Bibelbølge på tvers av generasjoner
I sommar var Andreas Bakke på UL (Ungdommens landsmøte), i regi av Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet, og fekk vere gruppeleiar for sju ungdomar. I etterkant har gruppa gått saman om å lese Det nye testamentet i løpet av dei neste månadane. Undervegs i lesinga har dei ei messenger-gruppe der dei kan kommenter, stille spørsmål til kvarandre og under seg over det dei les. Og på den måten ha ei gruppe ein les Bibelen saman med. I tillegg har dei registrert seg på bibelbølgen.no der ein følge med på andre grupper som gjer det samme.Høyr intervjuet med Andreas Bakke om dei gode opplevingane han har med å vere med i ei gruppe som les Bibelen saman.
60 + leir på Frænabu
60 + leir på Frænabu
I helga er det 60 + leir på Frænabu, og målet er å skape eit samhald mellom alle som bur på leirstaden, et måltid saman og har det sosialt i lag. Det er mykje spanande på programmet av både aktivitetar og songkrefter. Vi har tatt ein prat med Olav Jan Bø Demdal om leiren.
Du er i mi framtid
Du er i mi framtid
Med fullt program og ei stå på vilje trudde aldri Anne Birgitte Lillebø Bøe at ho skulle møte den berømte veggen, ho fekk ein utmattelse som gjorde at ho ikkje klarte meir. Då det fyrst skjedde fekk ho nokre dagar på ei hytte for å vere heilt aleine. Ho fortel på Radio Sunnmøre at det var veldig gode dagar der ho etterkvart starta å høyre på podkast og musikk. Då var det ein song som traff henne og som ho skreiv om frå engelsk til nynorsk. I sommar vart denne songen spelt inn og blitt ei trøyst for henne sjølv. Du er i mi framtid heiter songen.Høyr heile intervjuet med Anne Birgitte Lillebø Bøe, vakse opp på Sylte og bur no i Rogaland.
Søndagens tekst 16. august
Søndagens tekst 16. august
I Søndagens tekst for 16. august handlar det om at ikkje skal bekymre seg for morgondagen. Teksta er henta i frå Matteus 6, 24-34. Høyr praten med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti. Teksta er lest av Randi Fagerhol Lauvås.
Kvardagspraten med Marit
Kvardagspraten med Marit
Etter ein sommar med gode dagar på Bedehusfestivalen og bibelcamp i Lyngdal, og litt ferie, ser no Marit Stokken Berland fram til ei ny møteveke på Ellingsøy bedehus. Det heile skal starte med 60 års feiring av bedehuset søndag 30. august.Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
Programoversikt